Fjord1-salet:

Krev å få sjå advokatrekningane

Ønskjer svar om mogeleg dobbelrolle.

Stein Malkenes, Miljøpartiet de grønne. Arkivfoto: Staale Wattø 

Næringsliv

Føljetongen etter at Sogn og Fjordane Fylkeskommune selde Fjord1-aksjar til ferjeselskapet Torghatten rullar vidare.


Han kan bli ny styreleiar i Fjord1

Fylkesutvalet går inn for advokat Pål W. Lorentzen som ny styreleiar i Fjord1 etter Reidar Sandal.

No krev Mdg-politikar Stein Malkenes å få advokatrekningane på bordet, skriv E24. Dette etter at nettstaden fredag skreiv om advokatfirmaet Wiersholms eventuelle relasjonar til kjøparen Torghatten – og om det er ein mogeleg dobbelrolle sidan advokatfirmaet har hatt oppdrag for Torghatten tidlegare.

Vart Fjord1-saka lovleg handsama?

Det blir ekstraordinært fylkesting om Fjord1-saka

Sjølv om det strengt tatt er ein formalitet, vil fylkesrådmannen ha 11 dagar på å førebu saka om lovlegheitskontroll.

Under salet av Fjord1-aksjane har Wiersholm også fungert som fylkeskommunens juridiske rådgjevar, og dette har fått Malkenes til å sende skriftlege spørsmål til fylkeskommunen:
  • Kor mykje har Wiersholm fakturert Torghatten-konsernet dei siste 12-18 månadene?
  • Kva fylkesrådmannen fekk av informasjon om Wiersholms eventuelle koplingar til Torghatten, og i kva grad politikarane vart orientert?

Gjer som fleire enn 24.000 andre - lik Sunnmørsposten på Facebook

Det var den 23. november at fylkestinget bestemte seg for å selje 50 prosent av aksjane i F1 Holding til Torghatten. Det vart gjort med 16 mot 15 stemmer. Spørsmålet om advokatfirmaet vart då nemnt.

– Så vidt eg huskar så var temaet tatt opp, men det vart ikkje spesielt godt og konkret svart på, seier Malkenes til E24.

Les også leiar fradag 27.november: Ferjesalet ute i farleg farvatn

Omstridd

Salet av Fjord1-aksjane har skapt bruduljar mellom politikarane i Sogn og Fjordane, innad i Fjord1, og ikkje minst hos Fjord1-eigar Havilafjord AS som også ønskjer å kjøpe aksjane.

Politikarane som stemte imot salet til Torghatten har også kravd kontroll av om salet i det heile tatt var gjort på ein lovleg måte.

Siste ord er nok ikkje sagt i denne saka.


Kravet om lovlegheitskontroll i Fjord1:

Her kan du laste ned kravet om lovlegkontroll

Dette er kravet om lovlegheitskontroll som er oversendt fylkesrådmann Tore Eriksen i Sogn og Fjordane.

 

Dramatisk milliard-kamp om Fjord1

Et løfte om en mulig bonus på 200 millioner kroner i 2020 til Sogn og Fjordane fylkeskommune er forskjellen på budene fra Havila og Torghatten i kampen om Fjord1.