– Vi kjem til å tilsette 15–20 personar utover våren og sommaren. Og dette er faste stillingar. Vi har stort sett berre fast tilsette, seier Tor Øyvin Aa.

Han er dagleg leiar og sjef for 130 tilsette i Brødrene Aa AS i Hyen, ei bedrift som har spesialisert seg på bygging av hurtigbåtar i karbonfiber.

Sunnmøre

– I førre veke signerte bedrifta kontrakt med Boreal Transport Nord AS, som trengde tre nye hurtigbåtar på rutene dei skal drive på Sunnmøre og i Romsdal.

To av desse hurtigbåtane skal leverast i løpet av neste år, den tredje i 2017. Dei tre båtane til Boreal kjem i tillegg til andre oppdrag.

– Vi held mellom anna på med ein stor båt til The Fjords, ein båt som skal nyttast til turisttrafikk på Sognefjorden. Han skal leverast i mai/juni neste år, fortel Aa.

Og ut på hausten neste år skal to store hurtigbåtar til eit reiarlag i Hong-Kong vere leveringsklare.

– At ei stort reiarlag med 50 hurtigbåtar i drift valde oss var gledeleg, legg Tor Øyvin Aa til.

Han seier at dei arbeider med å sikre seg fleire kontraktar både i inn- og utland.

– Vi arbeider som regel ut ifrå ein ganske kort horisont. Så oppdrag eit og eit halvt år fram i tid er heilt vanleg for oss, seier leiaren ved hurtigbåtverftet.

Det var brørne Olav Aa (1920–2006) og Bertel Aa (1919–2009) som starta opp bedrifta i 1947.

Gjer som fleire enn 24.000 andre - lik smp.no på Facebook

Skifte

I 2001 skjedde det eit viktig skifte. Då starta verftet med å lage båtar i karbonfiber. Det skulle vise seg å vere ei suksessoppskrift.

For båtar i eit slikt materiale har vist seg å vere både driftsøkonomiske og miljøvennlege.Sidan omlegginga i 2001 har Brødrene Aa bygd 50 hurtigbåtar i dette materialet.

– Dei fleste har gått til kundar i Norge. Men no vil vi satse meir på eksport, og nettopp difor var kontrakten til Hong-Kong så viktig for oss, legg Tor Øvin Aa til.

Det har ikkje alltid vore like lett å få søknadar til ledige jobbar ved verftet i Hyen. Men den siste tida har dette endra seg.

Mange av dei som har teke seg arbeid hos Brødrene Aa kjem frå dei baltiske landa. Fleire av dei har no slege seg ned i Nordfjord med familiane sine.

Les fleire nyhende frå næringslivet her