– Subsidiering forsterka offshore-krisa

Leiaren i Fiskebåt meiner statlege støtteordningar har forsterka krisa for offshorenæringa.
Næringsliv

Spesielt nettolønsordninga har vore ein raud klut for fiskebåtreiarane i mange år. At offshorenæringa no er inni i ein bølgedal, medan fiskerinæringa er på ein bølgetopp, ser ikkje ut til å ha minska irritasjonen.

– Det er sjølvsagt mange årsaker til problema i offshore. Det alvorlege situasjonen i offshoreflåten kan likevel vere eit døme på korleis statleg subsidiering av enkeltnæringar kan forsterke kriser, sa styreleiar Jonny Berfjord i Fiskebåt då havfiskeflåten sin organisasjon opna årsmøtet i Oslo onsdag formiddag.

– Stimulerte til overkapasitet

– Det er ikkje tvil om at rederiskatteordninga, nettolønsordninga og gunstige finansieringsordningar har stimulert reiarlaga til å byggje fleire fartøy, og medverka til overkapasiteten og problema i offshoreflåten, sa Berfjord.

Han viste til at noko liknande skjedde på 70- og 80 talet i fiskerinæringa, då det vart overkapasitet i fiskeflåten

– Det har kosta fiskeflåten dyrt å redusere denne overkapasiteten dei siste 20 åra gjennom ulike strukturordningar, sa Berfjord.

Det er tydeleg at statleg innblanding er fy-ord for Berfjord, som er ringnotreiar frå Nordland. Han tok til ordre for ei vidare liberalisering av fiskerinæringa.

– Politikarane kan ikkje argumentere med at fiskerinæringa skal få ei sterkare rolle, og samstundes halde oppe ordningar som hindrar eller avgrensar ei naudsynt effektivisering og omstilling i næringa, sa Berfjord.

Følg Sunnmørsposten jobb og næringsliv på Facebook!

Vil ha ombord-forbod til livs

Døme på ordningar Fiskebåt-leiaren vil til livs er forbodet mot ombord-produksjon i torsketrålgruppa, og plikter knytt til levering av fisk til landanlegg.

Han kom og med ei åtvaring mot å endre kvotesystemet. Her er eit offentleg utval i sving med ei evaluering.

– Det absolutt viktigaste for næringa er stabilitet i ressursfordelinga, sa styreleiaren i Fiskebåt i opningstalen på årsmøtet.

Sunnmørsposten følgjer årsmøtet i Fiskebåt