Fleire Ulstein-jobbar har gått i vasken

Ulstein verft merkar at reiarlaga slit. Fleire kontraktar med utanlandske aktørar har gått i vasken på grunn av mangel på finansiering.

TRU: Konsernsjef Gunvor Ulstein har tru på at marknaden vil kome tilbake, og at det framleis skal bli bygd skip i Norge, men det vil ta tid.  Foto: Anne-Mari Tomasgard

Vi gjer det vi må gjere for å sikre ei framtid for Ulstein

Gunvor Ulstein
Næringsliv

– Finansiering er eitt av atterhalda i kontraktane. Og utan finansiering blir det ikkje nokon kontrakt, seier konsernsjef Gunvor Ulstein i Ulstein Group.