Kleven opnar portane for rekordskip

Kleven byr søndag inn til ope skip ved Myklebust-verftet i Sande.

Ope skip Kleven inviterer søndag alle som ønskjer om bord i offshoreskipet Grand Canyon III. Her er skipet nyleg fotografert saman med Aker Wayfarer som har vore inne til ombygging, og som er er ute på sjøtestar i indre fjordstrøk.  Foto: Marius Rosbach

Næringsliv

Konstruksjonsskipet Grand Canyon III er saman med søsterskipet levert i fjor vår, det største fartøyet frå verftet. Det er Volstad Maritime som har bestilt skipet som for Myklebust samstundes markerer slutten på ei periode prega av offshoreoppdrag.

– Dette er det førebels siste av mange offshorefartøy frå verftet, og no går vi inn i ei periode med fiskebåt og brønnbåt, fortel kommunikasjonssjef Ellen Kvalsund i Kleven.

Det 127 meter lange og 25 meter breie skipet, har innreiing for meir enn 100 sjøfolk - og er laga spesielt for undervass- og konstruksjonsjobbar på oljefelta. Fartøyet som skal etter planen leverast til Volstad i mai, er designa av Skipsteknisk i Ålesund.

Les fleire næringslivsnyheiter på smp.no

Rett før påske kom nyheita om at Myklebust-verftet skal bygge ein stor hekktrålar, det fjerde fartøyet med same Rolls-Royce-design i ordreboka. Myklebust har også to brønnbåtar og ein annan fiskebåt til levering den komande tida.


Myklebust Verft skal bygge spansk trålar

Kleven har inngått kontrakt om bygging av ein 80 meter lang hekktrålar.

 

Mare Safety

Sikra storkontrakt med skipsbyggar

Dette er den største ordren i selskapet si 15 år lange historie, ifølgje Mare Safety.