Fjordenes Tidende skriv fredag at Ervik Havfiske skal investerer 350 millionar kroner på to båtar som skal fiske etter tannfisk nær Sørpolen.

Dette er største investeringa i reiarlaget sidan starten i 1987.

Les også: Norsk verft med i konkurransen (krever innlogging)

Designa i Herøy

Marin Teknikk i Herøy har designa båtane med namna «Argos Georgia» og «Nordic Prince», etter tidlegare båtar i reiarlaget.

Ervik har samarbeidd med Marin Teknikk sidan 1995, med god erfaring.

Det er enno ikkje bestemt kvar båtane skal byggjast.

Les også: Viktig kontrakt for Marin Teknikk (krever innlogging)

Fabrikk

Nybygga er spesialkonstruert for å opererer i is, med fabrikk for kutting og frysing om bord.

Båtane skal vere ferdig ved årsskiftet 2017/2018 og erstatte to av båtane i dagens flåte.