Utsett frist for krill-selskap

Emerald Fisheries har fått utsett frist til å gjere opp momskravet på 13 millionar kroner.

Konkurskrav Emerald Fisheries var representert i Søre Sunnmøre tingrett med advokat Arild Gjelsvik (t.v.) og dagleg leiar Bjørnar Kleven i slutten av august.  Foto: Anne-Mari Tomasgard

Næringsliv

Krillfiskeselskapet Emerald Fisheries frå Fosnavåg har eit konkurskrav hengande over seg, sidan dei skuldar 13,2 millionar kroner i moms, forseinkingsrente og omkostningar.

Saka var venta å få avklaring denne veka, men så langt i veka er behandlinga i tingretten utsett to gonger.

Utsett på ubestemt tid

Søre Sunnmøre tingrett skulle behandle konkurskravet mot selskapet 30. august. Partane møttest i retten, men Skatt Midt-Norge gjekk med på å gi selskapet meir tid. Nytt møte i retten blei sett opp måndag 19. september. Saka blei så utsett til tysdag 20. september, men er no igjen utsett. Denne gong på ubestemt tid.

- Saka er utsett, og det er ikkje sett ny dato, opplyser Cathrin Lid Heilund, dommarfullmektig i Søre Sunnmøre tingrett.

Stig Remøys krillfiske-selskap skuldar 13 millionar i moms:

Emerald Fisheries kjempar for å unngå konkurs

Krill-selskapet Emerald Fisheries skuldar over 13 millionar kroner i moms, men får no litt meir tid på seg for å unngå konkurs.

 

«Juvel» i arrest

Krillfartyet «Juvel» er tatt i arrest i Danmark, melder Nett.no.


Trur konsernet finn ei løysing

Emerald Fisheries er eit selskap i Olympic-konsernet i Fosnavåg. Stig Remøy er eigar. Konsernet jobbar no med å få orden på gjeldssituasjonen.

Analysesjef Karl-Johan Molnes i Norne Securities er ifølgje E24 ganske optimistisk i forhold til at Olympic vil finne ei løysing.

– Olympic Shipping har fått på plass dei utsettingar ein kunne vente, og kjem nok til å få forlenging til dei finn ei løysing, seier Molnes til E24.

Treng friske pengar

Han viser til at selskapet har solid flåte, med mange spesialfartøy og relativt få plattformstøtteskip. Dei trenger friske pengar for å kome seg gjennom nedgangssyklusen.

Molnes meiner selskapet ikkje hadde hatt problem, viss ikkje alle andre hadde det. Problema deira er knytt til ein litt for stram avdragsprofil. Dei treng berre litt meir kapital, kombinert med litt lettare gjeldsvilkår.

Les flere næringslivsnyheter på smp.no