Konkurransetilsynet seier ja til Fjord1-kjøp

Grønt lys for Per Sævik og Havilafjord.

Grønt lys Per Sævik under møtet i fylkestinget i Sogn og Fjordane i sommar.   Foto: Ingvild Ramstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Næringsliv

Konkurransetilsynet tillet Havilafjord sitt oppkjøp frå 41 til 67 prosent av aksjane i Fjord1, opplyser tilsynet i ei pressemelding.

Konkurransetilsynet skal vurdere konkurranseavgrensande verknader av fusjonar og oppkjøp. 

– Havilafjord sitt kjøp av eigardelar i Fjord1 vil ikkje i vesentleg grad hindre effektiv konkurranse, og dermed kan Havilafjord sitt oppkjøp av eigardelar i Fjord1 tillatast, seier avdelingsdirektør Gjermund Nese.

Oppkjøpet vart meldt til Konkurransetilsynet 8. september 2016.

(saka held fram under)

Har aldri tent meir pengar

Fjord1 har levert det beste halvårsresultatet i selskapet si historie.

Havila Holding garanterer:

Sævik gjer unntak om risiko for kjøp av Fjord1-aksjar

Snakka til fylkestinget i Sogn og Fjordane som skulle skal ta stilling til sal av Fjord1-aksjar til Havilafjord.

Havilafjord er i dag minoritetseigar med 41 prosent, og vil etter kjøpet av Sogn og Fjordane fylkeskommune sine aksjar, ha 67 prosent - og full kontroll i selskapet som er størst på ferjedrift i landet.

Tidlegare i år sa tilsynet nei til at konkurrenten Torghatten fekk kjøpe Fjord1-aksjar.

Les flere næringslivsnyheter på smp.no