Olden Brevatn permitterer

Stryn-bedrifta mister Rema 1000 som kunde, permitterer alle tilsette 50 prosent.
Næringsliv

Olden Brevatn reduserte produksjonen i fjor, og i år blir det truleg verre.

Frå veke åtte vil ikkje Olden få levere til Rema 1000, heller ikkje til forretninga i Stryn eller elles i Sogn og Fjordane, melder Fjordingen.no.

25 prosent av Olden sitt totale sal til daglegvareforretningar har gått til Rema, opplyser Anette Karlsen, kommunikasjonsansvarleg i Hansa Borg Bryggerier, som eig Olden Brevatn AS.

- Vårt Olden-sal hadde mindre tilgjengelegheit i Rema sine butikkar allereie i fjor. Dette var nok starten på Rema sin «besteven-strategi», seier Karlsen til Fjordingen.