Ulstein leverte endeleg milliardskip

Tysdag vart «Island Venture» levert frå Ulstein verft. Dette er det største skipet frå verftet nokon sinne.

Rekordstort 160 meter lange «Island Venture» er det største skipet Ulstien verft har levert.  Foto: Ulstein Group

Næringsliv

Det 160 meter lange konstruksjonsskipet Island Venture blei sjøsatt sommaren 2015.

Tysdag blei skipet endeleg levert til eigarane Island Offshore og Edison Chouest Offshore, melder Ulstein-gruppa på si heimeside.

«Island Venture» er designa av Ulstein Design & Solutions AS, og ble ferdig utrusta allereie før jul 2015. Sidan har skipet vore til kai ved verftet utan arbeid.

Ordknapp

Administrerande direktør Håvard Ulstein i Island Offshore opplyser at skipet skal over til Mexicogolfen rundt 10. februar etter ei testperiode i norske farvatn.

Målet i USA er kortidsoppdrag, men Ulstein er ikkje konkret på kva for oppdrag.

Skipet er eigd via samarbeidsselskapet Island Ventures II LLC. Ulstein vil ikkje kommentere korleis eigarforholdet kring skipet er, og om det har vore endringar i samband med overleveringa.

(saka held fram under)


Ulstein testar rekordskip på sjøen

Offshoreskipet Island Venture fekk seg ein ut på fjorden laurdag.

I finalerunden om å bygge ny Color Line-ferje:

Ulstein og Kleven i lokaloppgjør om milliardkontrakt

To lokale skipsverft er i sluttrunden i kampen om å bygge verdens største hybridferje for Olav Nils Sundes Color Line-rederi.


Krevande for verftet

Tidlegare i januar ville ikkje informasjonssjef Lene Trude Solheim i Ulstein gå i detalj om dei økonomiske konsekvensane av situasjonen, men ho la ikkje skjul på at det har gitt utfordringar.

– Situasjonen har vore krevande, sa Solheim til smp.no for fire dagar sidan.

Rekordstort

Skipet er det største verftet har levert, men rekorden kan verte tangert om Ulstein kaprar jobben med å bygge den nye hybridferja til Olav Nils Sundes Color Line-rederi.

Både Ulstein og Kleven er i sluttrunda om kven verft som skal få oppdraget, og ei avgjerd er venta innan kort tid.

LES OGSÅ: Ulstein og Kleven i lokaloppgjør om milliardkontrakt (krever abonnement)