For første gong går Rolls-Royce Marine ut med eit konkret tal på kor mange stillingar dei tenkjer å fjerne her til lands.

– Det vi veit er at konsernet vil redusere med 800 tilsette i marinedivisjonen globalt i år, og at om lag 200 av desse vil skje ved anlegga våre i Norge, seier kommunikasjonsdirektør Anette Bonnevie Wollebæk til Vikebladet.

(saka held fram under)

Alle dei kring 1650 tilsette har fått tilbod om å søke om sluttpakke, og fristen for å søke går ut tysdag.

Det er knytt stor spenning til om toppsjef Mikael Makinen vil gå meir i detalj om planane for å nedbemanne, når han kjem for å snakke under Haramskonferansen tysdag.

Då vil han også vere mellom representantane frå næringslivet som møter statsminister Erna Solberg i Ulstein-gruppa sine lokalar.