Samarbeidet og konkurransen i den maritime klynga haustar mange lovord. Utvilsamt har kontakta mellom ulike miljø bidrege til å skape store verdiar, men Stadt-gründer Hallvard Slettevoll fortel korleis han har opplevd det motsette:

At tette band mellom bedrifter sette ein stoppar for det han meiner kunne vore gode løysingar.

– Det snakkast så varmt om den maritime klynga, men det er også mange uheldige band som kan gjere at ting vert for tett og kleint, fortel han.

Har store oppdrag: Stadt AS held koken i tøffe tider

Naustkrangel

Slettevoll fortel om eit døme der ein privat diskusjon om eit naust stakk kjeppar i hjula på eit industrisamarbeid med Rolls-Royce-konsernet.

– Vi vart erklært uønskt i lokala og sidan har vi ikkje vorte invitert til noko samarbeid, fortel han om episoden som skjedde for ti år sidan.

(saka held fram under)

Gjerdsvikaren var den gongen beden inn til Rolls-Royce i Ålesund saman med representantar frå SINTEF, for å snakke om elektriske framdriftssystem for fiskefartøy. Utfallet av møtet var av stor interesse for Stadt, som såg store moglegheiter i eit samarbeid.

– Møtet gjekk veldig bra og på slutten var det omtrent hallelujastemning. Det vart sagt at resultatet måtte feirast med middag og at vår teknologi såg ut til å vere det rette valet for dei, seier Slettevoll.

– Erklært uønskt

Sande-gründeren seier han der og då ikkje fann det naturleg å diskutere naustet, fordi det dreia seg om eit forretningsmøte. Rolls-leiaren skal då ha erklært at han ikkje hadde tillit til Slettevoll.

– Eg blei beden om å pakke sakene og forlate lokala med ein gong, med klar beskjed om at Stadt ikkje skulle få drive business med Rolls, seier han.

Ingen kommentar

Krangelen om naustet omhandlar ein planlagd veg til industrilokala der Hallvard Slettevoll opna Stadt Maritime Senter for eit drygt år sidan. Eigarane av naustet har ønskja at ein ny veg skal gå utanom naustet deira, men ikkje fått gjennomslag for sine ønskje.

Sunnmørsposten har snakka med den framleis Rolls-tilsette nausteigaren, som ikkje ønskjer å uttale seg om saka. Sunnmørsposten har også snakka med fleire av deltakarane på møtet, men ingen av desse vil kommentere kva som skjedde.

Rolls-sjef beklaga

Etterpå tok Slettevoll opp saka både på telefon og i e-postar med dåverande leiar for Rolls-Royce Offshore, Anders Almestad. Slettevoll ville ha ei orsaking, og spurde om selskapet igjen kunne møte i lokala til Rolls-Royce.

(saka held fram under)

Slettevoll seier han ikkje fekk eit klart svar på det siste, men Almestad skreiv i ein e-post at han synest det som skjedde var «leit», og at saka ville bli teke opp internt. Han peika vidare på at private forhold ikkje skulle påverke korleis selskapet opptredde. Almestad vil ikkje kommentere saka i dag.

Etterpå fekk Slettevoll også ein e-post frå den Rolls-tilsette nausteigaren, som beklaga at møtet «fekk den karakter som det fekk».

Stadt trakk seg likevel ut frå prosjektet møtet omhandla, men opplyste at dei ønskja eit godt samarbeid i framtida.

«Tvungen» samarbeid

– Eg tenkte at vi fekk håpe at det gjekk over, men det gjorde det jo ikkje. I praksis har det vore null samarbeid, anna enn ved dei høva der kundane på eige hand har bedt oss gjere noko saman. Og på dei jobbane har det fungert, seier Slettevoll.

Det er tilfelle ved den største ordren til Stadt så langt – utstyr til 16 ankerhandterarar til Nam Cheong – der propellfabrikken til Rolls-Royce i Ulsteinvik også har levert utstyr.

Frå Ålesund-avdelinga seier Slettevoll han ikkje har høyrt noko sidan møtet for ti år sidan, og han har ikkje vore innom kontora deira.

Rolls Royce: - Skal ikkje påverke val

Møtet Sunnmørsposten som enda med at Stadt-gründer Hallvard Slettevoll blei erklært for uønskt, er ukjent for dagens leiing i Rolls-Royce Marine.

Kommunikasjonsdirektør Anette Bonnevie Wollebæk i Rolls-Royce Marine. Foto: Staale Wattø

Det opplyser kommunikasjonsdirektør Anette Bonnevie Wollebæk i Rolls-Royce Marine i ein e-post etter å ha sett på saka:

– Ein privat diskusjon om naust, verken kan eller skal påverke våre val av leverandørar og samarbeidspartnarar. Vi har etablert ein innkjøpsprosess der våre leverandørar må gjennom ein grundig kvalifisering og evalueringar med jamne mellomrom, opplyser Wollebæk.

Rolls-invitasjon

Når Rolls-Royce Marine har invitert til samarbeid dei siste vekene, har Slettevoll vanskeleg for å la seg overtyde.

Mikael Makinen i Rolls-Royce Marine. Foto: Staale Wattø

Toppsjef Mikael Makinen i marinedivisjonen sa mellom anna til Sunnmørsposten i februar at han meinte dei ulike bedriftene i klynga burde sette seg ned og

«diskutere korleis framtida kan sjå ut – til felles beste for alle»

.

Rolls-Royce-konsernet har nyleg innrømma korrupsjon og gått med på å betale sju milliardar for å sleppe rettssaker i Storbritannia, USA og Brasil, men det er ikkje kome fram opplysningar som tilseier at den norske verksemda har vore blanda inn.

Rolls-sjef: Overraska over merksemd kring etikk og god forretningsskikk (krever abonnement)

– Får ikkje bidra

– Det du fortel går på tvers av mykje ein høyrer om den maritime klynga, og at ein gjer kvarandre gode med samarbeid og konkurranse?

Dei siste åra har Stadt hausta to internasjonale prisar – for beste miljøteknologi og beste elektroteknologi – som støttar han i det synet.

– Eg nektar ikkje for at det er positive sider ved klynga, som også vi har hatt nytte av. Vi ventar ikkje at dørene skal vere opne overalt, men synest det er rart å bli nærast fullstendig ekskludert når ein høyrer det blir snakka så fint om forholda i den maritime klynga, seier Slettevoll.

90 prosent eksport

Bedrifta hentar 90 prosent av inntektene sine frå kundar utanlands, og Slettevoll har også tidlegare vore open om at dei gjerne skulle samarbeida meir med lokale skipsbyggarar.

– Det kan ikkje vere berre på null og minus. Då er det inga framtid, legg han til.

Har store oppdrag: Stadt AS held koken i tøffe tider