Ulstein-underskott på meir enn ein halv milliard

Ulstein Group gjekk på eit nytt underskott i fjor.

Tore Ulstein er visekonsersjef og Gunvor Ulstein er konsernsjef i Ulstein.   Foto: Marius Beck Dahle

Næringsliv

Ifølgje pressemelding frå Ulstein-gruppa sendte ut ved 16-tida fredag enda fjoråret med stort underskott og kraftig kutt i inntektene.

Resultat før skatt i 2016 enda på minus 529 millionar kroner, frå ein omsetnad på 854 millionar. Det er meir enn ei halvering av inntektene samanlikna med 2015, då inntektssida viste 2,3 milliardar.

Driftsresultatet enda på 247 millionar - også det ei kraftig forverring frå året i forvegen, då underskottet stoppa på 95 millionar. Postar som er knytt til sal av skip og nedskrivingar av eigendelar trekk kraftig ned i rekneskapa. Dette utgjer 378 millionar av underskottet.

Elles inneheld pressemeldinga lite opplysningar om kva som ligg til grunn for resultatet. Sjølve rekneskapen frå Brønnøysundregistrene er ikkje gjort offentlege enno.

Konsernet gjekk i 2015 med underskott for første gong på ti år.

(saka held fram under)

Rekordskip ga truleg tap 160 meter lange «Island Venture» er det største skipet Ulstein verft har bygd. Truleg tok konsernet betydelege tap i samband med skipet som først blei levert meir enn eitt år etter det var ferdig.  Foto: Ulstein Group


Ny marknad Kontrakt på bygging av yacht med X-bow var mellom oppturane for Ulstein Group i fjor. Teikningane av korleis yacht-en blir, er ikkje gjort offentleg enno.   Foto: Ulstein Group

 

GIEK imponert og forbausa over verfta

Styremedlem Arve Bakke gjekk ut og ønskja seg høgare lønnsemd, men GIEK-leiinga er samstundes imponert av korleis verfta har omstilt seg.



Giek-styret til Ulsteinvik

Verfta tjener for lite penger

Mandag kommer Giek-styret til Ulsteinvik. De er bekymret for inntjeningen til verftene.


– Ser fleire lyspunkt

I pressemeldinga legg konsernsjef Gunvor Ulstein vekt på at konsernet er i ei krevjande omstilling.

– Vi ser fleire lyspunkt, men arbeidet tek tid og det krev mykje kapital og ressursar. Vi er opptekne av å utvikle berekraftig løysingar og vi har ein langsiktig strategi som vi meiner vil gi resultat over tid, seier ho i ei uttale.

Ho og styreleiar Tore Ulstein peiker på at Ulstein har kapra fleire jobber med skip til vindindustrien og ulike typer passasjerskip i løpet av det siste året.

Då Sunnmørsposten nyleg møtte administrerende direktør Kristian Sætre ved Ulstein verft på Nor-Shipping såg også han lyspunkt framover.

– Mot slutten av året får vi to skrog til verftet, så da blir det full fart. Men vi er på jakt etter mer jobb i tida fram til da, sa han då.

Les også:

Flere verft finregner på jobber (for abonnenter)

Mener verfta tjener for lite penger (for abonnenter)