Brunvoll Volda leverer utstyr til trålar

Brunvoll Volda har kapra kontrakt på levering av utstyr til ein pelagisk trålar for reiarlag på Karmøy.

Trålaren som Brunvoll-selskapet skal levere utstyrt til, skal byggjast for reiarlaget Cetus. llustrasjon: Salt Ship Design 

Næringsliv

Leveransen gjeld anlegg for gir og vridbare propellar, sidethrustarar og fjernstyring for framdrift. Trålaren skal byggjast ved Fitjar Mekaniske Verkstad for reiarlaget Cetus og utstyret frå Brunvoll skal leverast frå starten av 2018.

Verdien på avtalen blir ikkje opplyst.

Dagleg leiar Hallvard Pettersen i Brunvoll Volda opplyser i ei pressemelding at selskapet ser ein positiv trend etter fleire kontraktar den seinare tida.

Scana Propulsion-selskapa blei fjor kjøpt av Molde-selskapet Brunvoll. Selskapet som tidlegare gjekk under namnet, Scana Volda, leverte i fjor eit resultat før skatt på heile 18 millionar kroner av ein omsetnad på 230 millionar.

Bakgrunn: Volda, Brunvoll og dei lange historiske linene


Nye kontraktar til Brunvoll

Brunvoll Volda har signert kontrakt med Stadyard for levering av framdriftssystem til to kystnot/snurrevadfartøy.

 

Volda

Banebrytande kontrakt for Brunvoll

Brunvoll Volda har signert kontrakt med Ulstein Verft for levering av utstyrspakke til den nye Hybrid Ro-Pax ferga til Color Line Marine. Utstyret frå Brunvoll skal leverast i april 2018.