Her segler det ombygde cruiseskipet frå verftet

Cruiseskipet som no går under namnet Ocean Adventurer, segla tysdag frå Ulstein verft.

Amerikanskeigd Skipet er eigd av Adventurers Partner Ltd, men drifta av Quark Expeditions på turar i polare strøk. Her er skipet på veg forbi Flø tysdag, før det sette kursen ut til havs.  Foto: Marius Rosbach

Næringsliv

Sunnmørsposten omtala nyleg arbeidet med å bygge om veteranskipet – den første cruisejobben verftet har utført sidan hurtigruteskipet Polarlys blei levert i 1996. Skipet er også det første handfaste resultatet av omstillinga ved verftet - som no må ut i ny runde med permitteringar.

Det er snakk om eit mindre type ekspedisjonsskip med plass til 132 passasjerar og eit mannskap på 87. Ifølgje AIS-trackinga hadde fartøyet tysdag ettermiddag kurs for Fredrikshavn.

Les meir

Veteranskip fekk «makeover» - i mål med første cruisejobb på meir enn 20 år (for abonnentar)