Russisk millionbot tungt for Remøy Havfiske

Tapte inntekter og utgifter til bøter gir store tap for familieeigd reiarlag i Fosnavåg.

Kan ankast Avgjerda frå domstolen i Murmansk om millionbota kan ankast. Olav Remøy og Kristin Remøy i reiarlaget vil ta stilling til spørsmålet når grunngjevinga for bota kjem. Arkivbilde  Foto: Marius Rosbach

Næringsliv

Onsdag fekk Remøy Havfiske førespegla ei bot på 30 millionar kroner for ulovleg fiske i russisk farvatn. Rekneskapa viser at reiarlaget er i ein utsett økonomisk situasjon med konflikten om reketrålaren Remøy.