Vil stenge ute cruiseskip

NHO Reiseliv i Midt-Norge meiner Stranda kommune bør stille krav til cruiseskip.

Cruiseskipet «MSC Opera» og «Queen Victoria» (bak) i Geiranger.  Foto: Staale Wattø

Det har vore mykje folk i Geiranger i sommar.  Foto: STAALE WATTØ

Næringsliv

(Sunnmøringen) - For at reiarlaga skal ta investeringane med å skaffe best mogleg tilgjengeleg teknologi, må det vere ei sterk nok økonomisk interesse bak ei slik investering, skriv NHO i eit brev til Stranda kommune.

Eit slikt krav er å bli utestengd frå eit større område.


Klargjere

- Reiarlaga sjølv ber derfor om klare og føreseielege restriksjonar, som løner de som faktisk tar investeringane, hevdar NHO olg meiner skip som ikkje kan sigle til dei mest attraktive destinasjonane, blir mindre konkurransedyktig.

Cruisetrafikken vil øke med 40 prosent neste år:

Ny cruiserekord i 2018:

Passasjerene kommer til å legge igjen 90 millioner kroner mer i vår region


- Det vil på sikt bli færre av desse forureinande skipa i norske farvatn. Dette vil styrke vår profil og reiselivsnæringa i hele landet, hevdar NHO.

Konkurransevriding

Stranda spelar ei aktiv rolle for å få ned talet på forureinande skip i Geirangerfjorden, og seinast denne veka møtte ordføraren miljøvernministeren om saka. Stranda ønsker å få på plass krav som ikkje verkar konkurransevridande.

NHO skriv lite om konkurransesituasjonen i brevet til Stranda kommune, men oppmodar til at Hamneloven blkir revidert, slik at destinasjonane får større moglegheit til å bestemme kva for eit omfang omfang cruiseverksemda skal ha.

- Vidare bør lova endres slik at det blir mogleg å nytte hamneavgifter til å utvikle infrastrukturen på land, skriv NHO.

Har fått fleire klager: – Dei venta seg storslåtte naturopplevingar, frisk luft og reint vatn. I staden vart dei plaga av dieselstank

Klima- og miljødepartementet har fått fleire klager frå turistar om forureining i verdsarvfjordane.


Miljøbussar

- Det er viktig å finne miljøvennlege alternativ for alle bussane og tenderbåtene som cruiseanløpa medfører. Her vil det vere behov for eit offentleg engasjement for å få til slike tiltak.

Det er eit viktig mål for norsk reiseliv at næringa skal vere «berekraftig» og dette er også i tråd med Stortingsmelding 19 om reiseliv som blei lagt fram og behandla av eit samla Storting 30. mai i vår.

Riktig retning

Det føreslådde regelverket er eit viktig skritt i riktig retning, vi ønsker at eit strengare regelverk skal blir utarbeidd for hele det vestlandske fjordlandskapet slik Veikartet foreslår, og vi håper Stranda kommune vil støtte departementets forslag i denne retning.

Saka ble først publisert på sunnmøringen.no