Ny kontrakt for Brunvoll

Skal levere framdriftssystem til ein pelagisk trålar. Utstyret frå Brunvoll skal leverast i 3. og 4. kvartal 2018.

Brunvoll skal levere framdriftsutstyr til ein pelagisk trålar som er på bygging på Karstensens Skibsværft.   Foto: Illustrasjon: Karstensens Skibsværft A/S.

Næringsliv

Det melder selskapet i ei pressemelding tysdag.

Dermed er det klart at Brunvoll Volda AS skal levere framdriftssystemet til ein pelagisk trålar for reiarlaget Odd Lundberg. Trålaren er designa av Karstensens Skibsværft A/S.

– Positivitet i marknaden

Hallvard Pettersen, dagleg leiar i Brunvoll Volda AS, seier at selskapet er stolte over å bli valgt til leverandør, og at det har vore tett samarbeid om å finne gode tekniske løysingar for fartøyet.

Vidare seier han at dei merkar positivitet i marknaden, og ei auke i forespørslar.

– Nullutslepp

Brunvoll skriv følgjande om leveransen i pressemeldinga:

– Framdriftsanlegget er eit 2-speed hybrid system drive av ein MAN 6L32 dieselmotor i kombinasjon med elektromotor. Anlegget er optimalisert for fleire driftskondisjonar der ein i tillegg til «boost-mode» kan køyre med 2 ulike propellturtall. Det er vidare lagt stor vekt på drivstofføkonomi og miljøhensyn med bl.a. eit hylse-system med løysing for 0-utslepp til sjø, og motorar med flytande frekvens for drivstoffoptimalisering.