«Milepæl» med tre båtar til Kina:

Verft kapra jobb til ein kvart milliard etter år med underskott

Jobben med å byggje tre hurtigbåtar til Kina er verdt om lag like mykje som ei heil årsomsetning hos Brødrene Aa i Nordfjord.

Slik blir dei ny hurtigbåtane frå Nordfjord sjåande ut. Illustrasjon: Brødrene Aa 

Næringsliv

Brødrene Aa i Hyen offentleggjorde måndag at dei skal byggje tre hurtigbåtar for ein kinesisk kunde. Verdien på kontrakta er på kring 250 millionar kroner.