Styret i møbelkonsernet Ekornes ASA ønskjer å utvide styret og sleppe til Nils Gunnar Hjellegjerde. Han er i dag seniorrådgjevar for IMG Group, som er er eit dotterselskap av Ekornes.

Tysdag sende Ekornes innkalling til generalforsamling 21. november. Styret består i dag av fem aksjonærvalte medlemmer og tre valt av og blant dei tilsette. Dei aksjonærvalte medlemmene er for tida Nora Förisdal Larssen (leiar), Kjersti Kleven (nestleiar), Stian Ekornes, Tine Wollebekk og Lars I. Røiri. For å utvide styret må vedtektene endrast.

– Nils Gunnar Hjellegjerde har lang og verdifull erfaring frå produksjon, marknadsføring og innovasjon i internasjonal møbelindustri, og var sjølv grunnleggar av IMG, heiter det i grunngjevinga frå styret.