Ulstein-skip vann langtidskontrakt i Nordsjøen

Det Ulstein-eigde skipet «Blue Queen» har fått ei seks-årskontrakt i Nordsjøen.

Blue Queen er eit plattformforsyningsfartøy av typen PX121. Skipet skal byggast om frå plattformforsyningsfartøy til eit ‘walk-to-work emergency response and rescue vessel’ (W2W ERRV) ved verftet Royal Niestern Sander i Nederland. Dette inneber at skipet får ein ekstra boligmodul, rørslekompensert gangveg og kran. Ombygginga er venta å vere ferdig i mars 2018, og vil starte arbeidet I Nordsjøen i løpet av første kvartal.  Foto: Ulstein Group

Næringsliv

Det er Wagenborg Offshore som har leigd skipet for å støtte NAM (Nederlandse Aardolie Maatschappij) og Shell UK i deira offshoreoperasjoner i søre delen av Nordsjøen. Skipet vil bli utstyrt med ei såkalla walk-to-work gangbru, og skal arbeide som eit beredskaps- og redningsfartøy. Det skriv Ulstein Group i ei pressemelding.


Kleven med avtale på nytt diamantskip

Skipsbyggjerkonsernet Kleven kunne feire dobbelt på måndag.

Kontrakten gjeld for heile seks år, og skipet vil fungere som standbyfartøy og støttefartøy for inspeksjon og vedlikehald av ubemanna plattformer på nederlandsk og britisk sokkel.

Skipet har vorte malt om i Wagenborg sine fargar ved Ulstein Verft, og vil gå frå Ulsteinvik til Nederland i starten av desember.