Volda Maskin kåra til årets lærebedrift

Fekk gjev pris frå Maskinentreprenørenes Forbund.

Volda Maskin: Lærlingane Eivind Dimmen og Werner Riksheim i den lokale entreprenørbedrifta. Arkivbilde  Foto: Runar Daler

Næringsliv

Volda Maskin blei onsdag kåra til årets lærebedrift i anleggsbransjen, i følgje fagtidsskriftet Våre Veger.

Bedrifta fekk prisen mellom anna fordi dei tenker langsiktig om fagopplæring og blei delt ut under Artic Entrepreneur. Volda Maskin har som mål at ein av ti som jobbar i bedrifta skal vere lærlingar og dei siste tre åra har alle av lærlingane deira bestått fagbrevet. Volda-bedrifta var ein av seks nominerte til kåringa til Maskinentreprenørenes Forbund (MEF).

Prisen blei delt ut av den nye utdanningsministaren Jan Tore Sanner som fortalde at han blei overraska over å sjå at anleggsbransjen har hatt ein vekst på heile 70 prosent dei siste seks åra.


Krev avklaring for samarbeid om anbod på vegbygging etter ny dom i Høgsterett

Fryktar trøbbel for små entreprenørar

Vegkontraktane blir stadig større. Små og mellomstore entreprenørar vil få problem med å klare seg, om dei ikkje får samarbeide om anbod.

 

Volda Maskin nominert til gjev pris

Volda Maskin er nominert til å bli årets lærebedrift i Norge.