Jets på Hareid treng fleire folk etter rekordår

Jets Vacuum AS har lagt bak seg eit rekordår.

HAREID: Jets Vacuum AS held til her på Hareid.   Foto: TERJE ENGÅS

Næringsliv

Aldri før har Hareid-bedrifta tent meir pengar. No skal dei tilsette meir folk, skriv Vikebladet Vestposten.

– Vi har som ambisjon at selskapet skal bli større. Då satsar vi målretta på fleire område, og tilsetjingane vi gjer no er i all hovudsak eit ledd i denne satsinga. Til ei viss grad er det også erstatning for ressursar som forlèt selskapet, seier konsernsjef Øyvind Tørlen til avisa.

Jets utviklar, produserer og sel vakuum sanitærsystem. Nyleg vart selskapet seld frå Gjerdefamilien til Stokke Industri AS, og Øyvind Tørlen vart sjef.

– Jets er så mykje meir enn installasjonar av toalettsystem på skip. Vi er også inne i mange landbaserte segment, som hytter, tog, mobile løysingar, supermarknader og større bygg.


Borgund vidaregåande skule fekk dreiebenk i julegåve frå Jets Vacuum AS:

Borgund fekk dreiebenk i julegåve

Kven likar vel ikkje harde julegåver? Like før jul gav vakuumtoalettprodusenten Jets ein dreiebenk i gåve til Borgund vidaregåande skule.

 

Stokke kjøper seg inn:

Sel seg ut etter 32 år i Jets: – Ville ikkje selt til kven som helst

32 år etter at Edvard og John Gjerde starta Jets har ettarkomarane selt aksjane sine til Stokke Industri AS. – Det var ikkje noko lett val, seier Svein Rune Gjerde.

 

Hareid:

Øyvind Tørlen blir ny konsernleder i Jets Vacuum

Tidlegare konsernsjef i Ekornes blir ny sjef i Jets Vacuum.

 

Tidlegare aksjonær kjenner seg mobba etter å ha stilt kritiske spørsmål:

Bok fortel om strid i Jets

Fortel ope om strid i Jets-konsernet som førte til politietterforsking og krav om gransking.