Dei som investerte i Fjord1 for eit års tid sidan har fått ei kraftig verdistigning. Selskapet har no ein børsverdi på nærare 5,2 milliardar kroner.

Det er nøyaktig eitt år sidan det vart kjent at Per Sævik ville ta selskapet på børs. I tre månader var børsverdien 3,2-3,4 milliardar kroner. Så tok det av.

Som kompensasjon for solid innsats gjennom selskapet sin snuoperasjon dei siste åra, og tilrettelegging for opptak og notering på Oslo børs, tildelte styret i 2017 bonus til administrerande direktør Dagfinn Neteland på ein million kroner, går det fram av årsmeldinga for 2017. Dette kjem attåt løna på 2,2 millionar kroner.

For få år etter at Fjord1 leverte underskot og måtte kutte i budsjetta, fossar reiarlaget fram med rekordresultat og pengar til å satse på nye ferjer.

I tillegg til eigen bonus, fekk Neteland fullmakt til å fordele tre millionar kroner i bonus til øvrige tilsette i leiinga og andre nøkkelpersonar. Halvparten av dette vart fordelt til dagleg leiar, finansdirektør og utviklingsdirektør.

Dagfinn Neteland har også, som einaste i leiinga, krav på sluttvederlag dersom selskapet vel å avslutte arbeidsforholdet, og om Neteland vel å avslutte arbeidsforholdet som følje av visse vesentlege endringar i eigarskap eller endringar i strategi og drift av selskapet. Sluttvederlaget skal vere lik ordinær lønn for 12 månader Ingen andre i konsernleiinga eller i styre har krav på sluttvederlag frå selskapet, går det fram av årsmeldinga.

270 mill. i utbytte

I den store samanhengen er dette likevel småpengar. Ei børsmelding fredag stadfestar at eigarane tok ut 270 millionar kroner i utbyte i fjor. Sævik-familien, som gjennom Havilafjord er største eigar i selskapet, kan dermed bokføre solid gevinst eit knapt år etter at dei sikra seg full kontroll med selskapet.