– Hurtigruten kan overta Kleven verft

Kleven og Myklebust Verft kan bli skilt ved at Hurtigruten overtek kontrollen med Kleven i Ulsteinvik, skriv Nett.no.

Hurtigruten-sjef Daniel Skjeldam og forretningsmannen Petter Stordalen på besøk ved Kleven i fjor.   Foto: Staale Wattø

Næringsliv

Ifølgje Nett.no er det løysinga som no ligg på bordet i forhandlingane om å tilføre ny kapital til Kleven-konsernet.

Hurtigrute-aksjonærane – som i dag eig 40 prosent i verftskonsernet - skal vere villige til å gå inn med betydelege summar, i tillegg til at bankane bidreg.

Verken konsernsjef Karsten Sævik, styreleiar Leif Teksum i Kleven, eller kommunikasjonsdirektør Rune Thomas Ege i Hurtigruten vil kommentere opplysningane til næringslivsavisa.

Kleven er i intense forhandlinger om å tilføre selskapet med kapital, et knapt år etter forrige redningsaksjon i regi av Hurtigruten sine eiere – og flere lokale investorer.


Kleven på jakt etter friske pengar - yachtprosjekt gjekk i vasken

Verftskonsernet Kleven er på jakt etter friske pengar, mindre enn eitt år etter førre redningsaksjon. Samstundes er eit yachtprosjekt kansellert.

 

Hurtigruten-sjefen om ny marknad: – Berre starten

Konsernsjef Daniel Skjeldam i Hurtigruten trur mindre cruiseskip kan utgjere ein betydeleg del av dei framtidige inntektene til norske verft.

 

Hurtigruten-sjefen og Stordalen møtte Kleven-tilsette:

Stordalen: – Dette er ikkje ein redningsaksjon

At dei tilsette ved Kleven og Kleven-familien sjølv ville satse pengar, var avgjerande for at dei nye aksjonærane gjekk inn i konsernet.