Samlar butikkane i Stryn under eitt tak:

Kjempestart for «nye» Moods of Norway

Livet smiler igjen for gjengen i Moods of Norway. Retail Drift AS, som eig Moods of Norway og Branstadkjeden, hadde eit resultat før skatt på 30,8 millionar kroner i 2017. Selskapet har spennande planar for framtida.

God start: Jan Egil Flo (t.v.) og Kristian Hool Egge kan vere nøgde med starten for «nye» Moods of Norway. Her saman med butikksjef Wenche Lindvik Aaning. Frå 1. september blir Moods-butikkane i Stryn samla under eitt tak i Tinggata.   Foto: THOMAS THAULE

Næringsliv

(Fjordingen.no): Selskapet, som vart stifta i fjor, kjøpte i oktober opp delar av selskapa Moods of Norway AS og Moods Wholesale AS, inkludert varelager, varemerka rundt Moods of Norway og aksjane i Brandstad Drift AS for om lag 50 millionar kroner.