Båtprodusent henta inn ny direktør

Gründer Reidar Vågeskar i Mare Safety trer til sides, og Ulstein-selskapet har tilsett Are Nørvåg Garshol som ny administrerande direktør.

Mare Safety lagar mellom anna redningsbåtar. Arkivbilde 

Næringsliv

Det opplyser båtprodusenten i ei pressemelding.

39-årige Garshol kjem frå stillinga som direktør ved fiskeriselskapet Olav E. Fiskerstrand AS. Garshol har også tidlegare hatt leiande stillingar i den maritime bransjen.

Reidar Vågeskar som var med å starte Mare Safety i 1999 og har vore leiar i mange år, held fram i bedrifta. Han tek no ansvar for sal, utvikling og oppfølging av selskap sine større kundar.

Mare Safety opplyser at dei opplever ei betring i marknaden med god ordreinngang for alle produktområda sine så langt i år.  Trass tøffare tider har selskapet klart å halde resultata i rekneskapa på plussida dei siste åra, sjølv om inntektene har gått betydeleg ned.


Mare Safety leverer ny redningsbåt

Mare Safety AS frå Ulsteinvik skal levere redningsbåt til plattforma Edvard Grieg for Lundin Norway.

 

Overlevering av fiskefartøy i særklasse

Kleven Verft har levert sitt 394. bygg.