Avtalen gjeld for både konsernet og dotterselskapa, mellom anna inkluderer reiarlaget Remøy Shipping. Selskapet har møtt ein knalltøff marknad i oljeservice dei siste åra.

– Vi er svært tilfreds med å ha kome fram til ei god løysing for eigarane, selskapet og kreditorane. Løysinga gir selskapet, dei tilsette og eigarane naudsynt og tilstrekkeleg ro og finansiell stabilitet, for å sikre oss vidare i ein krevjande marknadssituasjon, seier administrerande direktør Karl-Johan Bakken i ei pressemelding.

Uendra eigarforhold

Han opplyser til Sunnmørsposten at løysinga ikkje inneber at eigarforholdet i selskapet er endra. Selskapet går ikkje ut med innhaldet elles i avtalen, som gjeld fram til utgangen av 2022.

På spørsmål om årsresultatet for 2017 og kor mykje gjeld selskapet har, viser Bakken til at dei snart vi legge fram rekneskapa.

Dei fleste tilsette i konsernet, er dei om lag 250 sjøfolka som er tilsett i R S Crewing AS, men Remøy Shipping har også 17 tilsette på land.

Eig fem skip - driftar åtte

Flåten til Remøy Shipping består av dei tre PSV-ane Rem Eir, Rem Mist og Rem Hrist, i tillegg til seismikkskipet Geco Scorpio og kystvaktskipet Magnus Lagabøte.

I tillegg driftar dei seks forsyningsskip for Nordic American Offshore, forskingsskipet H. U. Sverdrup og seismikkskipet Neptune Naiad.

Konsernrekneskapen for 2016  viser ei omsetnad på 324 millionar, og eit driftsresultat på 50 millionar. Grunna høge finanskostnadar enda likevel resultat før skatt så vidt i minus. Samstundes hadde selskapet ein knapp milliard i gjeld.

Karl-Johan Bakken er no direktør i Herøy-konsernet Remøy Group.