Steinar Reiten: – Hva om finnene hadde kjøpt Rolls-Royce?

Steinar Reiten (Krf) er glad Rolls-Royce Marine held fram med å vere norskeigd.  Foto: Arkivfoto: Staale Wattø

Næringsliv

Steinar Reiten (Krf) er einaste representant i næringskomiteen på Stortinget for Møre og Romsdal.


Kongsberg Gruppen kjøper Rolls-Royce Marine

Det norske industrikonsernet er blitt enige med Rolls-Royce om å kjøpe marinedivisjonen fra det britiske konsernet for 500 millioner britiske pund.


Han fortel at komiteen var på synfaring i Finland tidlegare i år, og at turen gjorde han uroleg.

– Finland er verdsleiande på autonom skipsteknologi, og utviklar sjølvgåande hamner, med automatisk trafikk over verdshava, samt lasting og lossing, fortel han.

– Finnane er inne og ser på Møre og Romsdal. Kva om dei hadde kjøpt opp bedrifter med tanke på å samle mest mogeleg av teknologimiljøet i Finland, spør han.

Reiten meiner det er fantastiske nyheiter at verksemd framleis blir i norske hender.

Han kallar Kongsberg Gruppen det leiande miljøet for autonom skipsteknologi.


Kommunikasjonsdirektør Anette Bonnevie Wollebæk i Rolls-Royce:

– Gratulasjonene hagler inn

– Jeg ser mange blide ansikter, og det hagler inn med gratulasjoner fra klyngen, sier Anette Bonnevie Wollebæk, kommunikasjonsdirektør i Rolls-Royce Marine.


Rosar regjeringa

Reiten er også nøgd med regjeringa si rolle i kjøpet

– Eg vil gi dei skryt for å være aktivt på banen.


Slik er reaksjonane på salget:

Ulstein-ordføraren er letta, glad og stolt over regjeringa

– No er eg forferdeleg glad, seier Ulstein-ordførar Knut Erik Engh (Frp) etter nyheita om at Kongsberg Gruppen kjøper Rolls-Royce Marine.


Staten kjøper seg opp med 2,5 milliarder kroner i den samla aksjeporteføljen.

– Det er breid einigheit på Stortinget om at vi må sikre det kompetansemiljøet som Kongsberg Gruppen representerar, og sørgje for at det held fram å vere norskeigd.

– Ein av de få som kunne gjere dette

Havila-reiar Per Sævik er glad for at det framleis blir reell konkurranse mellom leverandørene. Han var også urolig for finsk monopolisering.

– For oss som brukarar av det utstyret som Rolls-Royce produserer, er det ein stor fordel at det framleis er konkurranse i marknaden, seier han.

– Kongsberg Gruppen er ein av få som kunne gjere dette. Det inneberer at nøkkelindustri framleis blir på norske hender, noko vi er nøgde med..

Venta i spenning

Også Torill Ytreberg, regionsdirektør i NHO, har utelukkande positive ting å seie om oppkjøpet.

– Det at Kongsberg Gruppen no kjøpar Rolls-Royce trur vi er positivt. Det er ein norsk og seriøs eigar som tenker langsiktig og som er interessert i å bygge verksemda si her i Norge, seier ho.

– At det er norsk eigar vil bety mykje for Møre og Romsdal. Med ein slik eigar vil det byggast kompetanse og ein utviklar bedrifta vidare. Det er også positivt at staten går inn. Det visar kor mykje Rolls-Royce betyr i norsk samanheng.

Torill Ytreberg, regionsdirektør i NHO, meiner oppkjøpet blei ei god løysing.  Foto: Pressefoto NHO

Ytreberg innrømmer at det har vore mykje spenning knytt til kven dei nye eigarane ville bli.

– Vi har gått og vore spente veldige lenge. Eg vart positivt overraska i dag tidleg då eg såg nyhenda. Dette er positivt for dei tilsette i bedrifta og ei god løysing totalt sett.