Det var under jobb i Nordsjøen den 5. mai i år at det begynte å brenne i en lugar om bord på Olympic Delta. Ein av mannskapen vakna av ein høg lyd frå eit elektrisk apparat til lading. Då stod det røyk og flammar ut frå apparatet og brannalarmen ula.

Brannen vart raskt sløkt og ingen kom til skade, men reiarlaget bestemte seg for å innføre nye reglar etterpå. Frå no er det ikkje lov å lade elektriske apparat medan mannskapet søv, eller dei på anna vis er utan tilsyn, ifølgje rapporten til Sjøfartsdirektoratet.

Olympic-direktør Stig Remøy seier til Vestlandsnytt, som først omtala saka, at det var ein batteriladar som tok fyr og at denne er sendt inn til sjekk hos produsenten.

– Vi ser jo til stadigheit at mobilar og anna utstyr tek fyr under lading. Det er all grunn til å åtvare mot slik praksis, til lands  og til sjøs, seier han til avisa.

Varslingsrutinane om bord fungerte slik dei skulle og det oppstod berre mindre materielle skader på eit bord, tv og ei bokhylle. Reiarlaget vil sette opp klistremerke på alle stikkontaktar og ta med tiltaket i sjekklista for skipa.

Fordi utstyret som tok fyr, ikkje høyrde til skipet, vil ikkje Sjøfartsdirektoratet sjå nærare på saka.