Det skriv Ulstein Group i ei pressemelding tysdag morgon. Skipet er det tredje i rekka og skal vere leveringsklart tidleg i 2020.

– Vi har tidlegare designa og bygd fleire skip innan fornybar energi. Berekraftig vekst er svært viktig for oss og vi ser fram til å jobbe saman med Berhhard Schulte, som er ein svært påliteleg og viktig aktør innan dette feltet, seier konsernsjef i Ulstein Group, Gunvor Ulstein i meldinga.

Dei to første skipa av samme type blei levert i 2016 og 2017. Tyske Bernhard Schulte er godt nøgd med verftet. I pressemeldinga seier administrerande direktør, Matthias Müller følgjande om verftet:

– Ulstein Verft er eit svært påliteleg verft og vi gler oss til å samarbeide med dei igjen. Vi har jobba tett og godt saman på to tidlegare prosjekt og begge disse fartøya fungerer svært godt i operasjon.

Administrerande direktør i Ulstein Verft, Kristian Sætre. Foto: Ulstein Verft