Stranda-bedrifta Platina Seafood omsette i fjor for 1,1 milliard kroner. I all hovudsak driv dei med eksport, særleg til USA og England. I ei pressemelding skriv selskapet at dei no også vil inn i norske butikkar – med sunn hurtigmat.

Lakseserien er utvikla i samarbeid med Tine, og består av burgarar, pølser og tapasbollar. Fram til no har varene blitt eksportert til USA og England. Den første norske butikken ligg, ikkje uventa, i heimbygda Stranda.

– For å vere med og bidra til ei meir berekraftig utvikling, er det positivt at vi kan utnytte store delar av fisken til å produsere sunne og smaksrike kvalitetsvarer. I tillegg blir alle produkta produsert i Norge, seier dagleg leiar André Skarbø i pressemeldinga.

Ifølgje selskapet er dette første gong Platina Seafood har varer i norsk butikk.