Søre Sunnmøre tingrett har tysdag behandla eit konkurskrav mot selskapet Sunsea Seafood AS med adresse Gjerdsvika.

Kravet om konkurs blei sett fram 23. juli, ifølgje orskurda frå tingretten.

Tingretten har så langt ikkje teke stilling til konkursspørsmålet, men valt å utsetje saka slik at partane kan få sende prosesskriv.

Retten meiner saka reiser spørsmål som partane må få høve til å greie ut nærare, slik konkurslova opnar for.

Dette gjeld særleg spørsmål knytt til om kravet er forfalle til betaling og om skuldnar, altså Sunsea Seafood, er insvolvent.

Saksøkjaren får frist til 31. august med å sende prosesskriv, medan saksøkte sin frist er sett til 4. september.

Tidlegare i år blei det opna konkurs i Sunsea AS, som er eit selskap i same systemet.

Tingretten har også tidlegare behandla konkurskrav mot Sunsea Seafood, men avviste då konkurs. I vår var det fire andre selskap som stod bak konkurskrav mot verksemda.