Ervik Havfiske til finalen i «EY Entrepreneur Of The Year»

Slår følgje med Vartdal Plastindustri.

  Foto: PRIVAT

Næringsliv

Ervik Havfiske Holding på Stadlandet går til finalen i «EY Entrepreneur Of The Year». I tillegg til hav- og kystfiske driv dei med hotell- og butikkdrift. Vekstskaparane Stig og Kjell Magne Ervik har stor betydning for lokalsamfunnet på Stadlandet gjennom arbeidsplassar og tilflytting til området, heiter det i grunngjevinga.

Frå før er det kjend at Vartdal Plastindustri er i finalen. Søskena Jan Endre, Ingvild og Sindre Vartdal har heile vegen hatt ei aktiv eigarrolle. Jan Endre har løyst stadig nye utfordringar for etablerte kundar og samtidig utvikla relasjonar til nye, Sindre har vore tett på lager og produksjon og Ingvild har halde i det juridiske, står det i grunngjevinga.

Til saman 12 kandidatar frå heile landet møtest i den nasjonale finalen i Oslo 3. desember. Blant dei andre kandidatane er Per Grieg jr. frå Grieg Seafood i Bergen, Henrik Badin i Scanship i Tønsberg, som leverer løysingar til cruiseindustrien, og André Løvold frå Løvold Solution i Bodø.

Som ein hovudregel må eit selskap tilfredsstille «3x20» for å kvalifisere; minimum 20 mill. kr i omsetning, 20 tilsette og 20 prosent vekst siste to år. Eit selskap kan kvalifisere seg også utan å vere heilt i mål på alle desse, men då kjem andre kriterium inn som entreprenørånd, evne til å drive lønsamt, potensial for internasjonalisering, innovasjonsevne, strategisk utvikling og personleg integritet, opplyser EY.