Åge Remøy tok tap på Solstad-aksjer

Åge Remøy har kvitta seg med mesteparten av aksjane i reiarlaget som slukte hans eiga selskap.

Nytt selskap: Åge Remøy tok tilbake namnet Rem Offshore i sommar. Arkivbilde  Foto: Gunnar Wiik

Næringsliv

Herøy-reiaren sitt selskap Remy AS har i løpet av førre veke selt om lag fire millionar av 4,5 millionar aksjar i Solstad Offshore. Det kjem fram i ein aksjonæroversikt, skriv Dagens Næringsliv.

Basert på snittkursen var aksjane verdt om lag åtte millionar– kring ein tredel av verdien ved årsskiftet.

Åge Remøy har tidlegare gitt uttrykk for at han ikkje har til hensikt å vere noko langsiktig eigar i reiarlaget, som overtok det tidlegare Rem-selskapet saman med Aker og Kjell Inge Røkke.  

Sunnmøringen har etterpå teke tilbake Rem-namnet og bygger opp eit nytt reiarlag saman med partnarane Thorsteinn Mar Baldvinsson og Magnus Roth.


Barna har teke styringa – sonen tek roret i Rem Offshore:

Åge Remøy har overført formuen til barna

Fredrik Remøy vert direktør i det «nye» Rem-reiarlaget. No har han og dei tre andre barna til Åge Remøy også teke over familieselskapet.

 

Mener pressa rederier er «handlingslamma»

Remøy Shipping-direktør Karl-Johan Bakken var ikke optimistisk når det gjaldt utsiktene for flere av rederiene som er mest pressa økonomisk.

Solstad ASA må forhandle med långiverne

Vintersesongen vil bli krevende for selskapets likviditet, opplyser selskapet i en børsmelding.