KrF-Reiten med fleire sigrar i budsjettet:

Meiner utsleppskutt må inn i reknestykke om skipstunnel

KrF fekk på plass pengar til Stad skipstunnel i statsbudsjettet. No er Steinar Reiten klar for å sjå nærare på reknestykket om samferdsleprosjektet.

Stortingsrepresentant Steinar Reiten var nyleg på reise med næringskomiteen på Nordvestlandet der dei fekk fleire ønskjer om meir forskingsmidlar til det maritime næringslivet. KrF-politikaren fekk ein halv siger på det punktet.   Foto: Per Ove Stige

Næringsliv

I forhandlingane om neste års statsbudsjett, vann KrF fram med kravet om å løyve 20 millionar kroner til Stad skipstunnel. Pengane skal gå til å erverve grunn, slik at eigedomsforholda er avklart om det i neste runde kjem pengar til å starte sjølve bygginga.