Rekordår – men kva skjer etter Brexit?

Møre og Romsdal held stand som eksportfylke nummer éin

Eksporten frå Møre og Romsdal var rekordstor i fjor, anslår Menon.

BRITISK BESØK: Kokkar frå England besøkte fiskeindustrien på Sunnmøre sist haust. Her er dei om bord i fabrikktrålaren «Ramoen» frå Vartdal.   Foto: Per Ove Stige

Vi som lever av å foredle fisk er i ein industri med små marginar mellom kjøp og sal

Inger Marie Sperre
Næringsliv

Den rykande ferske rapporten er laga på oppdrag frå NHO. Menon trur at eksporten frå fylket bikka 70 milliardar kroner i fjor. Dette er meir enn i toppåret 2015.