Fiskeriministeren beklagar lang saksbehandlingstid om Stordal-etablering

Ventetida gir frustrasjon i Stordal

Norsk Sjømat og Stordal-samfunnet har i to og eit halvt år venta på svar. Fiskeriministeren svarer at det skuldast høg arbeidsbelastning.

PRESENTASJON: I 2016 vart planane til Norsk Sjømat AS presentert i Stordal. Frå venstre Per Magne Grøndahl, Harald Espeland, Eva Hove og Jarle Myking.  Foto: Terje Engås

Næringsliv

– Den seindrektigheita som sentrale styresmakter har vist i denne saka, er blitt eit stort hinder for næringsutvikling, seier ein tydeleg frustrert Stordal-ordførar, Eva Hove (Ap).

– Dette er rett og slett uakseptabelt, legg ho til.