Ulstein med ny kontrakt på cruiseskip

Ulstein har fått kontrakt på eitt fjerde cruiseskip for SunStone.

Det fjerde fartøyet til SunStone Ships vil bli chartra av Vantage Cruise Line.  Foto: Illustrasjon: Ulstein Group

Næringsliv

Det skriv selskapet i ei pressemelding.


Design nummer tre fra Ulstein til amerikansk reiarlag

Amerikanske Sunstone skal ha ei ny design og utstyrspakke frå Ulstein Group.

 

Skipet det er snakk om er eit ekspedisjonsskip i Infinity-serien ifølgje meldinga. Skipet skal byggjast i Kina og Ulstein har designa det.

– Designkontrakten for SunStone Ships var den første cruisekontrakten for Ulstein, eit skipsdesignselskap med lang erfaring frå offshoreindustrien. Den patenterte skipsbaugen, X-BOW, vart opphavleg utvikla for eksepsjonelt gode sjøeigenskapar ved tøffe vêrforhold, men har også ein fordel ved at han gir meir plass i baugområdet. Denne ekstra plassen har på dette skipet blitt utnytta til romslege salongar med eineståande utsikt, heiter det i meldinga.

Det er selskapet Vantage Cruise Line som har chartra skipet, som etter planen skal tilby cruise i søraust-Asia, Middelhavet og Skandinavia.

Infinity-prosjektet er eit samarbeid over landegrenser, der reiarlaget, chartraren og interiørdesignarane held til i USA, skipsdesignet er utvikla I Noreg, og skipsbygginga går føre seg i Kina.