Kleven ferdig med byggeprosjekt:

Overleverte stålkonstruksjon til Ulstein Entreprenør

Torsdag fekk Kleven Verft overlevert ei undersjøisk forskalingskasse til Ulstein Entreprenør. Det måtte to slepebåtar til for å gjennomføre overleveringa.

Det er denne stålkonstruksjonen, ei undersjøisk forskalingskasse, som blei overlevert til Ulstein Entreprenør torsdag.  Foto: Hallgeir Lillebø/Kleven Verft

Næringsliv

Det skriv Kleven i ei pressemelding torsdag.

«Kleven Verft tek på seg andre byggeprosjekt enn berre skip, og torsdag 7. mars 2019 sjøsette og overleverte vi ein stor stålkonstruksjon, nemleg ei undersjøisk forskalingskasse, som vi har bygd for Ulstein Entreprenør. 

To slepebåtar henta forskalingskassa og frakta den til Ulstein Betongindustri i Haddal i Ulstein kommune. Forskalinga skal brukast under vatn som ei ytre forskaling til ei ny tørrdokk i betong, som Ulstein Entrepenør skal bygge. Indre mål er 17mx65m, høgda er 6,2m, og heile forskalinga veg omlag 170 tonn. 

Kleven Verft takkar for eit kjekt oppdrag og eit godt samarbeid, og ynskjer Ulstein Entreprenør lykke til vidare med prosjektet sitt», skriv Kleven i meldinga.

Kommentar: Kleven i spill igjen

Neppe andre enn Vard kan kjøpe

Vard kan bli neste eier av tradisjonsrike Kleven Verft. Samtaler pågår og bankene spiller en sentral rolle.

Meiner Kleven Verft kan bli ein del av Vard-konsernet

Etter det Vikebladet Vestposten kjenner til har det den siste tida vore møteverksemd ved Kleven Verft mellom leiinga i Kleven og Vard.