Skipskompetanse har tilsett ny leiar i sal og marknad

Håvard Stave.  Foto: Skipskompetanse

Næringsliv

Skipskompetanse har tilsett Håvard Stave som ny leiar for sal og marknad for selskapet. Det skriv selskapet i ei pressemelding.

«Måløy-baserte Skipskompetanse fokuserer på skipsdesign og prosjektutvikling. Etablering på Stålhaugen i Ulsteinvik opnar for meir kapasitet og nye moglegheiter for kundar og tilsette», heiter det i meldinga.


Fiskebåt-kontrakt til Baatbygg

Måløy-verft skal bygge australsk fartøy rigga for autoline, trål og teiner.

 

Den nytilsette leiaren seier følgande i meldinga om etablering i Ulsteinvik:

– Ulsteinvik er et godt knutepunkt for reisande, og det er ikkje langt til viktige kundar og hovudkontoret vårt i Måløy.