Meir om næringsliv på Smp.no

Sunnmørsposten har inngått avtale med Sysla.

Sysla-redaksjonen.  Foto: Adrian B. Søgnen

Næringsliv

Interessa for kystnæringane stoppar ikkje i Nordfjord. Sunnmørsposten tilbyr no nyheiter frå næringslivet langs heile vestlandskysten. Avisa har inngått avtale med nettstaden Sysla, som er eigd av Bergens Tidende.

Alle Sysla sine saker er no tilgjengeleg for Sunnmørsposten sine abonnentar. På Smp.no vil det også alltid ligge tre saker frå Sysla lett synlege.


Åge Remøy skal heise Rem-flagget igjen i Fosnavåg. Så vil han på børs.

Rem-gründeren har fått tilbake rederinavnet, bygget seg en flåte, og skal ta tilbake de gamle Rem-lokalene. – Dere har ikke hørt det siste fra oss.

Ansvarleg redaktør Hanna Relling Berg i Sunnmørsposten er veldig glad for avtalen med Bergens Tidende.

Sysla er heller ikkje uinteressert i det som skjer i Møre og Romsdal. Denne veka har dei ein lengre reportasje med offshore-reiar Åge Remøy, som vil heise Rem-flagget i Fosnavåg igjen, før han går på børs. I dag skriv dei også om verdas største plug-in hybridskip, som er under bygging ved Ulstein verft.

– Ambisjonen er at våre lesarar skal få det beste, og Sysla er eit godt supplement til det lokale næringslivsstoffet som Sunnmørsposten sjølv lagar, seier Relling Berg. Ho meiner lesarane på denne måten vil vere godt oppdatert og få ein spissa bransjekunnskap.