Hareid Group har tilsett ny konsernsjef

Karsten Sævik er tilsett som ny konsernsjef i Hareid Group, og tek til i stillinga 1. oktober.

Ny konsernsjef i Hareid Group: Karsten Sævik er tilsett som ny konsernsjef i Hareid Group.  Foto: Marius Rosbach/Arkiv

Næringsliv

Det melder Hareid Group i ei pressemelding.

– Vi er svært nøgde med å få Karsten ombord som konsernsjef. Med si lange fartstid som toppleiar, vil han tilføre Hareid Group verdifull kunnskap og erfaring, seier styreleiar Bjørn Bjåstad i pressemeldinga.

Karsten Sævik er 56 år og busett i Ulsteinvik. Han har mellom anna vore konsernsjef i Remøy Group, administrerande direktør i Remøy Shipping og ved Ulstein verft. Frå 1991 til 2006 arbeide han for reiarlaget Odfjell ASA i Bergen, der han mellom anna var nybygg- og prosjektdirektør. Han var òg verftsdirektør for Kleven Verft i 2018. Denne jobben hadde han i berre ti månader før leiinga ved verftet valde ein ny toppsjef frå Hurtigruten.


Styret vil ha ny Kleven-sjef få månader etter Karsten Sævik starta i jobben:

– Det kom som eit sjokk

Karsten Sævik fekk berre vere Kleven-sjef i nokre månader, før styret ved verftet valde ein ny toppsjef frå Hurtigruten.



Nytt bytte av toppsjef ved Kleven verft

Kort tid etter at ein ny verftsdirektør sette seg i stolen, skiftar styret toppsjef igjen.


Konstituert konsernsjef Øyvind Halkjelsvik vil fungere i stillinga fram vil Sævik er på plass.

– Vi er godt nøgde med den jobben Øyvind gjer som konstituert konsernsjef, og svært glade for at han vil halde fram å bidra i Hareid Group, frå 1. oktober i ei anna stilling i konsernleiinga, seier styreleiar Bjåstad i pressemeldinga.