Ulstein verft har tilsett ny direktør

Lars Lühr Olsen er tilsett som ny administrerande direktør i Ulstein Verft.

Ny direktør: Lars Lühr Olsen er tilsett som ny administrerande direktør i Ulstein Verft. 

Næringsliv

Det skriv Ulstein verft i ei pressemelding torsdag morgon.

Han kjem frå stillinga som innkjøpsdirektør i konsernet. Han har tidlegare vore viseadministrerande direktør ved Ulstein Verft og leia shippingaktiviteten i konsernet. Han har over 20 års fartstid i Ulstein og har bakgrunn som siviløkonom og maskinist. Utviklinga og resultat på prosjekt ved Ulstein Verft har over tid ikkje vore tilfredsstillande, heiter det i pressemeldinga.

Fokuset framover blir å snu den negative utviklinga og gjennomføre prosjekt med lønsemd. Kristian Sætre har etter seks år i selskapet bedt om å få fråtre si stilling.