Konsernsjef Roy Reite:

Går frå Vard til Fjordlaks

Styret i Fjordlaks har tilsett Roy Reite som ny direktør, etter det Sunnmørsposten erfarer.

KONSERNSJEFEN SLUTTAR: Roy Reite. 

Næringsliv

Vard stadfestar i ei pressemelding som gjekk ut tysdag formiddag, at Reite sluttar som CEO og Executive Director.

Han blir i pressemeldinga sitert på følgande:

– Eg har på eige initiativ valt å forlate stillinga som administrerande direktør. Det har vore ei tøff avgjerd for meg, men eg trur det er rett timing for meg å trekke til side og levere stafettpinnen vidare til min etterfølgar i Vard.

Arbeidet med å finne ein etterfølgar er i gang, opplyser selskapet.

Reite vil halde fram i jobben fram til september 2019. Han vil vidare halde fram som styremedlem i Vard AS.

Av verv er Reite styremedlem i nettopp Fjordlaks. I tillegg er han nestleiar i styret i Sparebanken Møre.

Reite har tidlegare utmerka seg i ei leiarkåring i Offshore Support Journal. Her gjekk han heilt til topps blant 50 kandidatar i kåringa av «Industry Leader».


Meiner Kleven Verft kan bli ein del av Vard-konsernet

Etter det Vikebladet Vestposten kjenner til har det den siste tida vore møteverksemd ved Kleven Verft mellom leiinga i Kleven og Vard.



Hvordan Vard snudde seg etter krisa

Etter krisa på begynnelsen av 2000-tallet måtte Vard se seg om etter nye segmenter og markeder. Løsningen ble Vard Design. En av grunnene til at de etablerte Vard Design var at de ville ta hånd om hele verdikjeden.