Satsing frå eigarane gir resultat:

Har fire fabrikkar under bygging

PE Bjørdal har historie tilbake til 1907, men opplever no kraftig vekst med ny strategi og nye ambisjonar.

I Vekst – For å lykkast arbeider vi mest mulig direkte opp mot reiarlag og sluttkunde. Vi er begynt å bli ein kjent aktør i marknaden og så forsøker vi å være synlege lokalt også, både for rekruttering, men også fordi vi har ein viktig og stor lokal og regional marknad for det vi leverer, fortel Følsvik.  Foto: Staale Wattø

Næringsliv

– I 2016–2017 kom Meso Invest inn som eigarar av selskapet. Med ein ny strategi om vekst både internasjonalt og innanfor definerte marknader, er det gjort investeringar i nye produksjonsapparat og det har blitt meir struktur i bedrifta. Vi opplever ei veldig god utvikling, seier Oddbjørn Følsvik, sals- og marknadssjef. Bak Meso Invest står dagleg leiar Bjørn Meek og styreleiar Jan Sigve Søvik, så PE Bjørdal i Hovdebygda er framleis på lokale hender, og selskapet har i dag fleire bein å stå på.