Kroatisk familieselskap bergar Kleven verft

Trur på nye kontraktar og lønsemd

Kleven Verft er sikra vidare drift og unngår både nedbemanning og konkurs.

Eigarskifte: Finansdirektør Ola Beinnes Fosse (til venstre) og administrerande direktør Kjetil Bollestad har tru på at det nye eigarskapet skal gi positive synergiar for Kleven. Det familieeigde selskapet som kjøper Kleven har hovudkontor i Zagreb og verft i Split.  Foto: Staale Wattø

Næringsliv

Det er klart etter at det kroatiske industrikonsernet DIV Group har inngått avtale om å kjøpe Kleven Verft av Hurtigruten.