Reiarlag med langvarige kontraktar

Island Offshore har signert kontraktar som gir dei føreseielegheit framover.

Island Commander: Dette skipet har fått den lengste kontrakten i denne runden. Skipet har dieselelektrisk framdrift, medan Contender og Crusder går på gass.  Foto: Gunder Tande Sandersen

Næringsliv

– Kontraktane gir samla eit betydeleg bidrag til ordreboka vår og sikrar arbeidsplassar til det dyktige mannskapet vårt.

Det uttalar administrerande direktør Tommy Walaunet i Island Offshore i ei pressemelding.

Sjef: – Skip og mannskap har levert høg kvalitet i ei årrekke, med særs gode tilbakemeldingar frå kunden, seier Tommy Walaunet.  Foto: Pressemateriell

Reiarlaget har sikra seg kontraktar til tre av forsyningsskipa sine hos oljeselskapet Lundin Norway.

Island Crusader, Island Contender og Island Commander heiter dei, og dei to første har fått kontraktar som varer i høvesvis 600 og 400 dagar. Commander har fått den lengste kontrakten: tre år.

Reiarlaget har også sikra seg opsjonar i fall Lundin skulle ønskje å forlenge.

– Lundin har hatt alle desse fartøya på langtidskontrakt tidlegare så dei kjenner fartøya våre godt. Det gler oss å sjå at dei no aukar aktiviteten sin og tenkjer langt framover, seier Walaunet i pressemeldinga.


Sysla:

Ny milliardbåt til offshorenæringen: – Viser at det er håp

Bli med om bord i «Island Victory».


Eit års forlenging av eksisterande kontrakt for forsyningsskipet Island Champion, har reiarlaget også fått på plass. Kunden er Team Marine og kundeforholdet har vart sidan 2007.


To unge sunnmøringer blir rollemodeller:

Utpekt til maritime ambassadører

Jeanett fra Ålesund og Jan-Rune fra Syvde skal være rollemodeller for å få flere unge til å velge en jobb til sjøs. De er utnevnt til maritime ambassadører av Norges Rederiforbund og Maritimt Forum.