Bustyrar kjem til Kleven måndag

Bustyret vil avklare om det er råd å få til vidare drift i Kleven. Gjelda i selskapet er på 300 millionar kroner.

Konkursramma: Sunnmøre tingrett opna fredag konkurs i Kleven verft, Kleven Maritime Technology og Kleven og Kleven Maritime Contracting. Første skiftesamling er 24. august.  Foto: Staale Wattø

Næringsliv

Advokat Bjørn Åge Hamre i Bergen er bustyrar for konkursbuet i Kleven. Advokatfirmaet Simonsen Vogt Wiig AS har sett ned eit stort team som skal jobbe med konkursen med tilsette frå firmaet si insolvens- og shippingavdeling.