Bra aktivitet ved verftet – trass i krevjande tider:

– Vi har godt med arbeid det neste året

Med arbeidet på Nexans Aurora godt i gang, og nok eit skip for Lindblad Expeditions som skal ferdigstillast ved verftet etter kvart – har Ulstein Verft godt med arbeid det neste året.

Godt i gang: Verftsdirektør Lars Lühr Olsen og produksjonssjef May Kristin Myklebust er begge glade for arbeidet på Nexans Aurora er godt i gang. Kabelleggjaren, som ein ser bak dei på bildet – er med på å sikre arbeid for verftet fram til hausten 2021.   Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll, Vikebladet Vestposten

Næringsliv

Vikebladet Vestposten: May Kristin Myklebust, som er ny produksjonssjef ved Ulstein Verft – kom frå stillinga som prosjektleiar for SunStone-prosjektet i Kina ved Ulstein Design & Solutions (UDS), men var også assisterande prosjektleiar på yachten Olivia O i sluttfasen av dette prosjektet. Før det igjen kom ho frå Kleven Verft, der ho var prosjektleiar på ei rekkje skip både der og ved Myklebust Verft gjennom 20 år. Eitt av desse var dekksutstyr for kabelleggjaren NKT Victoria, som har ein del likskapstrekk med storprosjektet Ulstein Verft er i full gang med no – kabelleggjaren Nexans Aurora.